Eit langt steg mot ny kontrakt

 

Det stod 0-0 til pause på ein haustleg fotballettermiddag på Osterøy stadion. Men med medvinden i 2.omgong kom også sjansane til heimelaget. Situasjonen på tabellen var før kampen at Hetlevik låg nedst på tabellen og Osterøy kjempa nokre plassar over. Første omgong var ein stillingskrig med eit svakt overtak for heimelaget. Etter pause var det meir trøkk framfor Hetlevik-målet. Midt i omgongen starta målkalaset ved at vår heimvendte son Øyvind Tysse putta 1-0 i nettet etter retur frå Thomas Langeland sitt skot. 2-0 scora Ørjan Bysheim etter at målet nesten var servert av Martin Dyvik. I siste speleminutt vart siste spikeren sett i kista når Thomas Langeland scora. Tabellen ser no lysare ut på lenge, men kontrakta er nok ikkje sikra…..

Highlights frå kampen. (Med god hjelp av fotosjef Andreas Litland)