Reisebrev frå småjentecup i ÅL

 

Det var 12 svært reiseklare jenter som fredag ettermiddag ”tok av” frå Hatland med retning Ål. Med trenar Svein, Nora og fem foreldre på slep, var dei no klare for å erobra både fotball- livet og (g)utelivet på Ål.

Jentene hadde med seg store baggar med eit rikt innhald av klede, sko + + + + og sminke. Jammen hadde dei med seg hårfarge også. Ingen ting var overlagt til tilfeldighetane her nei.

Me fekk vår eiga lita hytte der me fekk boltra oss som me ville, berre me rydda opp etter oss.
Jentene spelte til saman fire kampar – der det vart både seier og tap. Men noko vidarespel vart det ikkje, men flott innsats likevel. Heia-gjengen på sidelinja gjorde også ein god jobb.

Nede på campingplassen hadde Nora og Svein sin eigen ”Ål-cup” i yatzy – med stor innleving frå begge. Så vidt me andre observerte, så var det berre då Nora spelte mot Svein at ho brukte hjelm. Kvifor det mon tru????

Takk for eit flott helg! De er kjekke å vera på tur med!!!!!

 

Aktivitetar

4. div: Osterøy IL – Austevoll
Osterøy Stadion Kunstgras
09 jan
Osterøytrear 25.4.2024
Osterøy Stadion
28 feb
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar