1.plass i Bif-cup for Gutelaget

 

Finalen vart det nærmaste ein kom eit lokaloppgjer. Det var eit gutelag frå Sogn og Fjordane med, og eit frå Hordaland. Osterøy IL og IL Bjørn frå Gaupne møttest i finalen i B-sluttspelet på Brande stadion.

Medan Osterøy hadde sin semifinale tidleg laurdag måtte IL Bjørn gjennom ein tøff semifinale laurdag kveld. Og det verka som om det var mange trøytte sognabein på bana. Iallefall imponerte Osterøy med stort tempo og vann kampen meir eller mindre på stor hurtighet i angrep. Sluttresultatet vart 7-2 og Rasmus Myking scora heile 3 mål i 2.omgong.

Flotte premiar vart det også. Først og fremst stor pokal, men også t-skjorte og shorts til kvar einaste spelar. Så ein del kunne reisa lykkelige heim att og fortelja at dei hadde vore på klesshopping 🙂

Under glimt frå finalen:


Ruben Bjørkheim Kleppe på vei fram etter å ha vunne ein av mange duellar.


Mange Osterøyspelarar i feltet


Ein av våre beste gjennom turneringa, kaptein og tøffing Espen Kallekleiv.


Roger Husebø fekk prøva tempoet sitt på topp mot slutten av kampen.


Espen takkar for pokalen. Eit svært hyggjeleg motstandarlag i bakgrunnen.