Finalespel i Bif-cup

 

Smågutelaget måtte dessverre gje tapt for eigne landsmenn i kvartfinalen i B-sluttspelet for smågutelag. Etter ein jamnspelt 1.omgong vise Risør seg som det beste laget etter 50 minutt på Brande stadion. Målscorarar i denne kampen var Nikolas Dale Skjerping (2) og Daniel Hjellvik (1).

I semifinalen i Bsluttspelet møtte gutelaget tyske Tura Meldorf  2. Kampen bølga frå side til side men etter ein svært godt gjennomført kamp vann ostringane 1-0 etter at Thomas Langeland scora etter eit indirekte frispark frå 10 meter. Dei gule korta hagla til begge laga. Gult kort gir 5 minutt på benken. Jørgen Greve Risholm og Joachim Borge Solberg måtte begge vera ein periode på benken.

Sjølv om laginssatsen var imponerande god stile løps- og teknikkmaskina Joachim Borge Solberg i ein eigen klasse. Godt det ikkje var talentspeidarar og såg på…….

Etter kampen var det bading for alle ostringane der dei bur på Center Thyregod. Seinare på kvelden er det Tacomiddag før oppladninga til finalen søndag kl. 11.00.

Under er det stemningsbilete frå laurdag.


Big Daddy Ole Kristian Svardal slit med å bøya seg…..


Sebastian Ludvigsen i kamp mot Risør


Corner mot Risør, Rikard Mjøs på veg til å kasta seg.


Nytt corner. Ingen scoring.


Thomas Langeland ladar venstrefoten.


Ruben Kleppe viser at Fotlandsgutane har musklar i kroppen.


OK Svardal…. Litt slapp her kanskje?


Anita N. Teigland heldt fokus på kampen.

Viktig med seriøse linjevakter.


Sjølsagt smil etter å ha slått Tura Meldorf


Roger og Henrik joggar ned. Er det eit lite smil på lur hjå Roger også?


Banens beste. Joachim "Antilopa" Borge Solberg.


Unge Mjøs trøtt av å sjå broren kjefta på dommaren.


Torstein og Espen. Ekte idrettsglede.


Trenar Fossbakken etter bading….. Bestemt blikk.


Asbjørn øver seg i tilfelle det dukkar opp nokre danske jenter…


Atle hadde visst noko på gong med nokre lokale danske piger…. Øver seg på dans.