Osterøy/Fotlandsvåg med suksess på grusen

Med fleire spelarar vekke av ulike grunnar stilte 3 smågutar 93 spelarar opp. 2 av dei debuterte, Asbjørn Bruvik og Daniel Hjellvik. Det tok litt tid før kampen kom inn i ein god flyt for Osterøy sin del. Etter pause var det mindre tvil… Fana vart sprunge i senk. Flott innsats av samtlege men særleg positivt var:

– Ruben Kleppe som hadde ein fantastisk 2.omgong
– Asbjørn Bruvik, smågutespelar som jobba som aldri før, i tillegg putta han mål
– Simen M. Solberg som tek keeperansvaret etter pause. Tøft gjort blant kun eldre spelarar og han slapp heller ikkje inn mål.

4 ulike målscorarar, Asbjørn, torstein, Thomas og Stian. Thomas litt flau på grunn av Torstein kanskje….?


Simen tok ansvar som keeper og stod i mål i 2.omgong.


Fornøgde ostringar og 2 plass i serien til ferien.