Storseier til Osterøy

 

Osterøy tok kommandoen frå start og var vel eigentleg aldri trua. Ein del rokkeringar vart gjort på laget før denne kampen og det verka som det slo heldig ut. På toppen av det heile redda vikarkeeper Anders Eriksen eit straffespark etter at Thomas Hole noko unødvendig hadde vore ute med foten.

Kim Solberg og Martin Aasheim scora dei to siste måla for heimelaget. Elles er det verdt å gje honnør til Arne Njøten som dømte kampen på ein suveren måte.

Osterøy starta med dette laget: Anders Eriksen (keeper). Bak: Daniel Tennebekk, Eirik Hagen Hella, Jens Lillefosse, Thomas Hole. Midtbane: Martin Aasheim, Øyvind Øvsthus, Kim Solberg, Joachim Borge Solberg. Spissar: Thomas Langeland og Ørjan Bysheim.

Nytta innbyttarar: Odd Idar Mjøs, Martin Dyvik, Mohaned Alabdi, Heine Solberg, Tommy Kårdal.