Første a-lagspoeng i boks

 

Etter vermeldingane å dømma kunne Tranekampen stå i fare, men forholda var meir enn godkjente til å vera midt i april. Ein isande nordavind sette sitt preg på kampen før den stilna noko etter pause. Trass medvind klarte ikkje Osterøy å prega kampen før pause. i 2.omgong kom heimelaget mykje meir med . Osterøy fekk 2 straffespark som Jens Lillefosse scora på. "Junior" Thomas Langeland var på fleire turar framfor Tranekeeperen og putta 2 mål mot slutten. Ein sjanserik kamp som enda med poeng. Det har Osterøy all grunn til å vera nøgd med.

Sjå bilete frå kampen her.