Ribbecup 2006

Tidspunkt
Turneringa går over 3 kveldar, fredag den 22.12., onsdag 27.12. og torsdag 28.12.
Kampane startar opp kvar dag kl. 18.00.
Laga spelar sine innleiande kampar ein kveld, og det er sluttspel med finalar siste kvelden.

 

Reglar:

Utfyllande reglement er å finna på denne lenkja.

Nedre aldersgrense er 16 år
Kvart lag skal ha målvakt og 4 utespelarar på bana.

Aktiv klasse og mosjonsklasse.

Maks 8 spelarar pr. lag i aktiv klasse.

Maks 10 spelarar pr. lag i mosjonsklassen, som også skal

ha minst 1 kvinne på bana heile kampen.

Ein spelar kan berre delta på eitt lag,

Det er plass til 24 lag i turneringa, og desse vert fordelt på 6 puljer.

Dei 2 beste laga i kvar pulje går vidare til sluttspelet.

PREMIERING

Vinnar i kvar klasse vert premiert.

DELTAKINGSAVGIFT PR. LAG:  Kr. 800,00

PÅMELDINGSFRIST:  15.12. 2006

 

Send påmelding med namneliste til osak@online.no eller til

Osterøy Aktiv AS, 5282 Lonevåg.

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar