Dommaravvikling

DOMMARAVVIKLING

1. Hovudansvarleg har ansvar for at det heile tida er dommarar til kvar kamp. Ein hovudansvarleg for handball og ein for fotball.

2. I hovudsak ein dommar for handball og ein annan for fotball i kvar kamp. Finalane avviklast med to dommarar i handballdelen.

3. Vanlege reglar med unntak av innspark i staden for innkast i fotball. Liberale reglar i handball for å få flyt i spelet.  Dommarane må dømma mest mogeleg likt. Avkast/Avspark på midten etter godkjent mål og start av omgangane. Fotballmål tel dobbelt. Spesielt dei yngste må meir rettleiast enn ”dømmast”.

Ved igangsetting av spel kan ikkje ballen gå rett i mål utan å vera borti nokon dersom målet kan godkjennast.
Ved oppstart første kampen for alle er det spesielt viktig å forklara dei ymse linjer m.m.

4. Ved utvisning kan ein setta innpå ein annan spelar men den utviste spelar får ikkje delta resten av omgangen.

5. Ved signal frå sekretariat ansvarleg for tidtaking på bane B kan dommaren starta omgangen så snart han kan. Pausen varer berre ei lita tid for å byta ball. Ved nytt signal er omgangen slutt.

6. Alle dommarar går i like arangørgensarar med svart(helst) grunnfarge.  

 

Aktivitetar

02 mar
03 mar
24 mar
Osterøy på Tvers 1.6.2024
Start Bruvik og mål Hosanger
25 mar