Ski

Bulken/BKK Turlangrenn 2007

Osterøy hadde 4 løparar til start under turrennet som vart arrangert av Bulken IL i løyper på Bulken. For Jonny Mostraum og Torstein Mjelde var dette eit viktig renn fordi det var ei seedingsrenn til Birkebeineren som begge har planar om å stille opp i. Dei gjekk 20 Km. Anders Flæsland og Torbjørn Hovden starta begge i 15/16 års klassen og dei gjekk ei løype på 12 Km, men dei starta samtidig med dei som gjekk lengre og gjekk store delar av rennet i dei same løypene. Anders Flæsland gjekk hardt ut og gjekk i ryggen på tetgruppa ei stund, til slutt gjekk han inn til gull i den klassen. Ellers kan me jo sei at det var mange løparar frå Osterøy der og trente.
Anders Flæsland(nr.81) i fint driv opp ein av dei siste bakkane

Les mer Ungdommens Holmenkollrenn lørdag

Magnus B Reigstad(G13) gjekk inn til 163. plass på 3 km klassisk i Oslo i dag. Ola B Reigstad gjekk også inn til 206.plass i gutter 14.
Alle res.

Les mer Lysløypecup

Tredje renn i lysløypecupen vart arrangert på Rolland onsdag kveld. Ca 70 små og store stilte til start. Sjå resultata her.

Johannes N Langhelle gjekk eit kjempeløp og gjekk inn til 1.plass i G11.
Sjå fleire bilder her.

Les mer Nordisk skisprint/Vestlandsmesterskap/ KM

Osterøy hadde mange gode plasseringar under Nordisk skisprint som var arrangert på Bømoen i dag. Me fekk idag sjå at mange løparar er heilt forskjellige når det gjeldt sprint og lange løp. Resultat kan de sjå her

Les mer Nordisk skitreff/Vestlandmesterskap


Nordisk skitreff som også var Vestlandsmesterskap vart i dag arrangert på Skjeldal(Bulken). Det var kjempeflott vær men litt kaldt sidan gradestokken viste -14. Men utover dagen kom sola og temperaturen vart litt bedre. Sigurd B Reigstad var bestemann frå Osterøy, og han gjekk til mål på 2.plass i ein stor klasse med  nesten 20 deltakarar. Osterøy hadde heile 20 løparar til start men på Nordisk Skisprint i morgon stiller Osterøy med heile 23 løparar.

Alle res.

Les mer Lysløypecup

Andre renn i lysløypecupen vart arrangert på Rolland onsdag kveld. Været var kjempeflott også i kveld. Ca 60 små og store stilte til start. Sjå resultata her.

Små og store skiløparar ventar på å få utdelt startnummer.

Sjå fleire bilder her

Les mer Kvammajakta

Kvammajakta vart arrangert på Sjusete skisenter søndag 4/2 og her var det mykje action og mange gode resultat. Været var bra og snøen hadde heldigvis ikkje smelta heilt. For løparar under 13 år var det eit vanlig klassiskrenn men for 13 år og eldre vart det arrangert duathlon. Det vil sei at løparane bytta ski og stilart undervegs i løpet . Lars B Reigstad(265) ligg i front og Anders Flæsland(261) er i gang med å jobbe seg fram i feltet.

Les mer Kretsmesterskap fristil

Søndag 28/1 vart KM i fristil arrangert på Bulken og også denne dagen hadde Osterøy mange løparar til start. Mildværet hadde desverre også nådd Bulken denne dagen, men godt preparerte løyper og brukbart vær på formiddagen gjorde at det vart ein fin skidag med mange gode resultat.
Ein stor gjeng med Osterøyløparar var samla på Bulken i dag.
 

Les mer Kretsmesterkap Klassisk

Eirik B Mjelde(Bronse G15) og Sigurd B Reigstad(2.plass G11)

Kretsmesterskap i klassisk vart arrangert på Bulken lørdag 27/1. Der var det flotte løyper og nydelig vær. Osterøy hadde over 15 løparar til start denne dagen og mange gode resultat. Beste plasseringa var det Sigurd B Reigstad som hadde med 2.plass i G11. Eirik B Mjelde tok også Bronse i G15, 1,30 bak den overlegne vinnaren Thomas Eide Solberg frå Korlevoll IL.

Les mer Lysløypecup

Første renn i lysløypecupen vart arrangert på Rolland onsdag kveld. Været var kjempeflott med blåføre og måneskinn. Ca 50 små og store stilte til start. Se resultatene her.

Les mer