Ski

Gull og to sølv i sesongopninga

3 Osterøyløparar deltok i dag på Gravsetrennet i Hemsedal. Dette var første rennet denne sesongen og Ostringane viste at dei er bedre trent en nokon gong. Eirik B Mjelde tok gull i M18, og Emil Hosøy var berre 10 sekund bak på ein sterk sølvplass. Men og den tredje løparen frå Osterøy gjorde det godt. Øyvind B Mjelde i G15 gjekk inn til sølvplass. Rennet gjekk i klassisk stil. I morgon er det Golsrennet som går i fristil. Og som Osterøyløparane er kjent for, er dei nok ekstra gira på gode plasseringar etter dagens resultat. Alle resultat her.

Les mer Ny sesong

Magnus, Sigurd og Øyvind har rulla mange kilometer på rulleski sidan sist sesong, og ser no fram til å testa formen på snø.

Minusgradene visar seg oftare og oftare på gradestokken. Det nermar seg vinter og ny sesong for langrennsløparane. Sesongen i Hordaland startar 2. juledag med Jularennet på Korlevoll. Der stiller Osterøy alltid med mykje løparar som er sugne på å testa formen. Men allerede 5. og 6. Desember reiser Osterøy sine 4. juniorløparar og nokon yngre, over fjellet for å gå Gravsetrennet i Hemsedal og Golrennet på Ål.

Les mer Ørnarstafetten


Lørdag gjekk den årlige Ørnarstafetten av stabelen i Myrkdalen, med innlagt KM-stafett.   Osterøy hadde 4 lag til start men desverre vart det ingen gull. Eirik B Mjelde(nr.46) utmerka seg spesiellt og gjekk ein fantastisk første etappe i G17-20. Han la bak seg alle junior og senior løparar og gjekk først inn til veksling.
Sjå fleire bilder her
Alle resultat her

Les mer Årsmøte

Det vert årsmøte i skigruppa i skihytta på Rolland.
Mandag 23.02.09 kl 20.00

Vanlege årsmøtesaker.

Styret

 

Les mer Tredje renn i Lysløypecupen

Det tredje rennet i lysløypecupen gjekk i klassisk stil. Og i dag måtte klister tuben fram igjen etter lang tid med blå føre. Men det var fine spor og ca 40 deltakere med.
Resultat

Les mer Andre renn i Lysløypecupen

Det var flotte forhold i lysløypa onsdag kveld da det andre rennet i lysløypecupen vart arrangert. Over 50 små og store stilte til start.
Resultater
BILDER

Les mer «Det blir ikke fart uten rosa bart!»

Øyvind Litland fekk stor oppmerksomhet under Ulvikarennet i helga. "Det blir ikke fart uten rosa bart!", skreiv BA i dagens reportasje.
Sjå reportasjen her

Les mer Ulvikarennet

Søndag gjekk Ulvikarennet av stabelen på Drevtjørn skisenter. Været og løypene var perfekt med ca. 8 minusgrader og sol. Osterøy hadde mange løparar til start frå dei yngste i 8 års klassen til dei eldste i 46-50 års klassen. Sigurd B Reigstad gjekk inn til sølv bak Marius B Hjeltnes som gjekk på heimebane. Sigurd tok gull under Vikingrennet lørdag.         Sjå resultat her         Fleire bilder her

Les mer Første renn i Lysløypecupen

Tirsdag 27. Januar vart første renn i lysløypecupen arrangert. "Sjefen"(Øyvind Litland) fekk mange kommentarar denne kvelden. Han hadde tidligare i sesongen sagt at dersom Osterøy fekk ein dobbelt kretsmester, skulle han farge barten rosa. Og Sigurd B Reigstad gjorde jo akkurat det. Han gjekk inn til to gullmedaljer, så trenaren måtte farge barten.          Sjå resultat frå lysløypecupen her

Les mer Kretsmesterkap langrenn

I helga var det kretsmesterskap i langrenn arrangert av Røldal IL. Løparane frå Osterøy gjorde det svært godt . Sigurd B Reigstad gjekk til topps både lørdag og søndag. Men det var og andre Osterøy løparar på pallen.

Resultat Osterøy her    Heile listene her og her

Les mer