Fotball
Kamprapport frå gutar 9
Bileta er frå kamp mellom Osterøy og Hausvik på Osterøy Stadion 10.mai. Her ser me Hjalmar i aksjon mot forsvarspelarar frå Hausvik FK.
Les mer Osterøy/Fotlandsvåg med suksess på grusen
Det vert bygd bane etter bane i bergensområdet og dette gjer at ein del kampar vert flytta rundt for å få sesongen til å gå i hop. Gutelaget hamna difor på ei lita grusbane ved Fana stadion ferdag 22.juni. God gammal grus skulle visa seg å verta suksess for eit lag i form…. Henrik tek stadig meir ansvar og var kaptein for kvittrøyene.
Tysdag 19.juni var det duka for ekte toppkamp mellom Bjarg og Osterøy på Stavollen kunstgras. Ingen av laga hadde tapt poeng, men ostringane måtte til slutt innsjå at Bjarg nok fortente å halda fram som serieleiar…. Dette sjølv om Daniel Tennebekk spelte til blodet rann.
Tysdag 12.juni møtte Osterøy sitt småjentelag Nordhordland på Osterøy stadion.
Ikkje 2×45 minuttar med fantomfotball for juniorlaget mot Varegg/Nordnes 2 12.juni. Likevel heldt det til seier.
I sol og vind på Osterøy stadion prikka 13-åringane inn ein ny seier mot Stanghelle 14.juni
I ein kamp som enda 14-2 scora bortelaget heile 10 mål i 1.omgong på Garnes kunstgras.
Asbjørn banka inn eit mål her.
Tysdag kveld slo juniorlaget til med ny seier. Kameratgjengen frå Minde vart ingen stor motstand for målsvoltne ostringar. Etter "berre" 1-0 til pause løsna det veldig etter pause og sluttresultatet vart 7-1.

Grunna førebuinga til stafett NM måtte A-laget spela borte mot Hetlevik. Kunstgrasmarerittet slo til igjen for Osterøy og det enda med eit 2-1 tap. Sjå gjesteboka for spelarbørs og diskusjon om kva som gjekk gale.
Les mer Best på øynæFurubakken stadion starta som eit mareritt for dei kvite Osterøy/Fotlandsvåg spelarane i gutekampen fredag kveld. Dårleg tenning og innstilling gjorde at VHFK var i ei 2-0 leiing før bortelaget vakna. Men etter det kom det seg kraftig…..

Rambergsnaboane Stian og Baste hadde begge ein god kamp idag.
