Kunstgraset kjem på onsdag

Baneprosjektet i Fugledalen går mot slutten. Eivind Solberg melder no om at ein skal byrja å legga kunstgrasdekket no førstkommande onsdag.

Les mer KLARE FOR 4. DIVISJON

Det vart unaudsynt spanande på Hatland laurdag ettermiddag, men Osterøy kunne etterkvart sleppa jubelen laus etter at laget vann 3-2 mot Strandebarm. Dermed er det berre syltynne teoriar som kan ta frå laget opprykk til 4. divisjon.

Les mer Månadens Fair Play kamp

Hordaland Fotballkrets har plukka juniorkampen mellom Osterøy og Fana tysdag 7.10 til månadens Fair Play kamp. Kampen går klokka 20.00 i Fotlandsvåg. Møt fram til siste kamp for sesongen! Les kva ein Fair Play kamp er her.

Les mer Ingen trening

TORSDAG 9 OKTOBER
ER DET IKKE HÅNDBALLTRENING
P.G.A ELDREFEST I HALLEN.

Les mer Karusellstevne 5. oktober -08

På karusellstevnet på Osterøy stadion søndag 5.10 var det god deltaking i dei fleste øvingar. Det var innlagt klubbkamp mellom Fri og Osterøy, der dei 20 beste resulata i aldersgruppa 10-16 år for kvar klubb talde med i konkurransen.
Fri vann med 19088 poeng mot Osterøy sine 17863 poeng. Gratulerer Fri, og takk for kampen!

Alle resultat

Les mer 24-kampen 2008


Osterøy Stadion 3. og 4. oktober 2008.
Flott start på 24-kampen med 15 kvinner og 14 menn (11 menn med til siste øving).
Fint haustver og nesten vindstille før fredagskvelden vart avslutta med 5000m i regn og vind. Lørdag vart og ein fin dag til dagen vart avslutta med regn og vind når 2 øvingar stod att.  alle resultat
Martin L. Kåstad 9734p (og 4. plass på adelskalendaren for menn)
Lene Myrmel 11897 og ny 24-kamp-rekord for damer.

Les mer Sesongopnar mot BSI2 mandag

Mandag startar endeleg alvoret for Osterøy sine Volleyballdamer. Dei raudkledde tek då i mot BSI 2 til årets første heimekamp i Osterøyhallen. Jentene er spelesugne og vil gi flatt jern frå første serv slik at BSI 2 vert send heim att utan poeng. Kampen startar 1930 – du veit kva du har å gjere; still opp å gi laget di støtte. La oss løfta laget til ein pangstart på årets 1. divisjon!

Les mer Siger i Hardanger – ein fot i 4. divisjon

Osterøy vann søndag ettermiddag 3-1 mot Nordheimsund 2, etter ein "slitekamp" i Hardanger. Opprykksrival Solid snubla mot Nordnes laurdag noko som gjer at Osterøy no står med ein fot i 4. divisjon.

Les mer Osterøybruløpet 2008


Osterøybruløpet 2008 (3000m langt). Søndag 28. september
Vekslande ver med regn og sol +11 grader.  212 deltakarar.

Brit-Helen Simmenes vinnar for 7. gong. Tida idag vart 9,56.
I herreklassen var Lars N Bakke raskast på tida 8,45.

Les mer Stoltzen 2008

Stoltzen 2008 i sol og regn

Les mer