Berre nesten for Jenter 12.

Etter å ha starta haustsesongen ei veka tidligare med ein komfortabel 7-1 siger mot Masfjorden/Brekke, var det ein litt meir tafatt gjeng som starta på bana denne tysdagen.

Jentene verka litt «tunge og trøtte» i første omgong og hadde ikkje den «stå-på-viljen» som me vanlegvis pleier å sjå, dermed kunne Arna-Bjørnar spela seg igjennom og leia fortent til pause.

I pausen fekk dei beskjed om å ta litt meir ansvar og det gjorde dei, men dessverre var forspranget for stort og resultatet vart eit knapt 5-4 tap. Godkjent innsats i andre omgong og håpar dei fortset slik i neste kamp.

Synne.

Victoria sender avgårde eit skot…

…..som er umogeleg å ta for keeper.

Bjørg.

Frida.

Maren.

Aktivitetar

Årsmøte i Osterøy IL 17.mars kl. 18.00
Osterøy IL Stadionbygg / Klubbhus
17 Mar
HTB Valestrandsmarka Rundt
Furubakken idrettsplass, Valestrandsfossen kl.18,45 og kl. 19,00
10 Apr