Slaget om Øynæ

Vhfk har starta sesongen godt med tre sigrar( NBK, Loddefjord og Dale) og eitt tap mot Frøya. Dei ligg dermed på 3.plass før denne runden. Såvidt me veit har dei ingen skadeplagar før kveldens kamp.

Osterøy har berre tatt eitt poeng på sine to siste kampar. Dei ligg dermed på plassen bak Vhfk med sju poeng. Osterøy har også spela ein kamp meir enn Vhfk. Til kveldens kamp er både Robert Dyvik og Jørgen Vevle tilbake i troppen. Eirik Øvsthus har også tatt turen over Nordsjøen for å få med seg lokaloppgjeret. Dermed er det berre langtidsskada Bjarte Vik Larsen og Frode Stokke som ikkje er tilgjengelege ikveld. Det blir difor spanande og sjå kva for elleve trenarduoen slepp til ifrå start.

Me oppmodar så mange som mulig om å ta turen til Valestrand for å støtta dei gul/grøne ikveld. Kle dykk gjerne i gult og grønt, slik at me får sett FARGE på den svart/kvite Furubakken!

OBS! Hugs å ta ut pengar til billett og kioskvarer i minibanken i Lonevåg FØR du reiser ned… så du slepp køyra opp att…