Årets første trepoengar for damelaget

– 1 omgang er fryktelig dårlig, fortel lagleiar Siri Beat Nordpoll Hella. – Me finn ikkje ut av Austrheim sin måte å spele på i det heile. Dei klynga seg opp rundt oss og sparka i knehøgde. Litt som barnefotball, smiler Hella. – Me fekk ikkje til noko spel sjølv då.

Austrheim klarte likevel å spele seg til to store målsjangsar åleine med keeper, utan at dei klarar å omsetje dette til teljande resultat. Osterøy vaknar etterkvart ut av det og Aina Vassdal er oppe å skårar på corner i det 32. minutt. 1-0 er ōg status til pause.

I andre omgang er Osterøy meir på hugget. Spelet byrjar etterkvart å sitja, men Austrheim gjer det likevel vanskeleg for gjestane. – Omgangen er prega av oppstykka spel grunna mange frispark. Dei pirkar oss i knea gjennom heile kampen, fortel Hella.  – Kaptein MalinTeigland klarar å tryggje leiinga – og sigeren – med si skåring fem minuttar før slutt. Poenga varma, men me er ikkje nøgd med kampen. 

Neste moglegheit for poengfangst kjem på heimebane førstkomande laurdag. Då kjem Austevoll/Selbjørn på besøk. Kampen går klokka 13 på kunstgrasbana.

– Me møter eit lag som ikkje har tatt poeng enno, så me bør ha ein sjangse på ein ny siger, sluttar Hella.

Kaptein Malin Teigland, her i kamp mot Stord,  teikna seg på scoringslista mot Austrheim