Poengdeling mot Sandviken

Dei gul/grøne fekk ein pangstart på kampen. Allereie etter to minutter går dei i leiinga, etter eit fantastisk frispark av Jørgen Vevle. Etter målet tar Sandviken tak i kampen, utan at det vert produsert så mange store sjansar. Etter kvart tar Osterøy grep om kampen, og både Thomas Strøm Langeland og Jørgen Vevle har store sjansar til å auka leiinga. Langeland vert også snytt for eit klart straffespark i denne perioden. Istadenfor er det Sandviken som får straffespark, og utliknar til 1-1. Dette vert også pauseresultatet.

Andre omgang fortset som den første. Mykje kjemping, og lite finspel frå begge laga. Men midtvegs i omgangen går Osterøy opp i leiinga. Thomas Strøm Langeland kjem åleine med keeper, keeper reddar første forsøket, men Thomas set ballen enkelt i mål på returen frå keeper. Resten av omgongen handlar om å halda leiinga inn. Det skjer lite framføre begge måla, før heilt på slutten av kampen. Først har Sandviken ein dobbelsjanse til å utlikna, men Mathias reddar fint. Få minutt etterpå kjem utlikninga. Sandviken får eit mildt sagt billeg frispark ute ved sidelinja. Frisparket vert skrudd innover mot mål, går forbi heile feltet og rett i mål.

Rett etter utlikninga får Osterøy ein kjempesjanse til å avgjera kampen. Andreas Kollvangsnes stussar eit frispark mot lengste hjørne, men keeper reddar med eit tigersprang av dei sjeldne på dette nivået. Kampen endar dermed 2-2. Kampen var jevnspelt, så sånn sett er det ingenting å seia på resultatet. Osterøyspelarane var likevel ikkje nøgd med resultatet, grunna mange dommeravgjerdsler som ikkje akkurat gjekk Osterøy sin veg.

Ein publikumsjury kåra Kim Solberg pg Øyvind Øvsthus til dagens ostringar. Me vonar Osterøy er tilbake på vinnarsporet når Odda kjem på besøk fyrstkomande laurdag.
 

Osterøy – Sandviken 2-2 (1-1)

1-0: Jørgen Vevle  2. min
1-1: Jon Arve Hatlevoll  35.min
2-1: Thomas Strøm Langeland 68.min
2-2: Jon Arve Hatlevoll  84.min

Laget:

Mathias Riple, Robert Dyvik, Andreas Kollvangsnes, Anders Hatland, Stian Aasheim, Kim Solberg, Jørgen Vevle, Øyvind Øvsthus, Torbjørn Hovden, Thomas Strøm Langeland, Martin Hole Hanstvedt.

 
Gule kort:

Kim Solberg, Øyvind Øvsthus og Robert Dyvik