To-sifra i målprotokollen


Fredag kveld tok Osterøy imot Hetlevik på den flotte grasmatta på Hatland. Etter nokre midt-på-treet kampar i det siste, var det eit sultent Osterøymannskap som etter kvart høvla over gjestane frå Askøy.

Kampen skulle etter kvart visa seg å verta litt av ein målfest. Osterøy produserte mange sjangsar frå første spark på ballen, og allereie etter tre minutt tok Osterøy leiinga ved Thomas Strøm Langeland. Det tok imidlertid ikkje lang tid før Hetlevik til 1-1 i mot spelet sin gong.

 

Etter utlikninga sto kampen og vippa litt. Osterøy hadde ballen mest og produserte dei største farlighetane. Bjarte Vik Larsen og Thomas Strøm Langeland var begge åleine med keeper ved eit par høve, utan utteljing. Skulle det verta ei ny ”Trane oppleving”? Heldigvis løsna det for Osterøy, og med tre mål på dei siste kvarteret, gjekk Osterøy til pause med ei komfortabel 4-1 leiing. Hadde Osterøy vore effektive i denne omgongen kunne det stått mykje meir.

I 2.omgong punktere Osterøy kampen fullstendig med to tidlege mål. Utover i omgongen slapp trenarduoen innpå mange av innbyttarane.  Dette førte til at laget mista litt av rytmen i ein liten periode av kampen, men mot slutten av omgongen skrudde dei opp tempoet igjen. Då rann det inn ytterligare fire mål. Dermed sto det heile 10 – 1 til Osterøy då dommaren blåste sluttsignalet.

 

Mange spelarar viste seg fram denne kvelden. Bjarte Vik Larsen scora 4 mål og viste sine, ikkje ukjende,  kvalitetar. Det var også kjekt og sjå at det lausna litt for Thomas Strøm Langeland. Spissen scora tre mål i første omgong og viste gamal storhet. Elles var Eirik Øvsthus var som vanleg stødig bakover. Ein jury valgte likevel Jørgen Vevle som Dagens Ostring, noko som var vel fortjent. Unge Vevle spelte ein stor kamp på Osterøy si midtbane.
 

Det er no tre heimekampar igjen før sumarferien. Neste kamp er komande lørdag ( 16.juni) mot Harding. Kampen går på grasbana og kampstart er kl.1500. Møt opp og støtt laget!!

 

Til slutt ein scoringsoversikt etter åtte spelte kampar:
12 mål:  Bjarte Vik Larsen
 5 mål:  Øyvind Øvsthus, Eirik Øvsthus
 4 mål:  Ørjan Bysheim, Stian Aasheim, Thomas Strøm Langeland
 1 mål: Jørgen Vevle, Robert Dyvik

 

Osterøy – Hetlevik 10-1 (4-1)

Osterøy stadion, gras

1-0: Thomas Strøm Langeland
1-1:
2-1: Bjarte Vik Larsen
3-1: Langeland
4-1: Langeland
5-1: Stian Aasheim
6-1: Vik Larsen
7-1: Eirik Øvsthus
8-1: Vik Larsen
9-1: Robert Dyvik
10-1: Vik Larsen
 
Osterøy sitt lag: Mathias Riple, Anders Hatland, Andreas Kollvangsnes( Sander Midtun Solberg i 25 min), Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Kim Solberg( Rikard Mjøs i 20 min), Bjarte Vik Larsen, Øyvind Øvsthus( Robert Dyvik i 35 min) Thomas Strøm Langeland( Ørjan Bysheim i 20 min) Stian Aasheim( Stian Svaasan i 15 min)