SUPERLØRDAG i Fugledalen

ATTENDE:Thomas Strøm Langeland er atter speleklar for Osterøy etter eit pitstop i Fotlandsvåg. Me er sjøvsagt begeistra for å ha den energiske spissen attende i våre rekker og ser fram til å sjå han i aksjon. Kanskje allereie i morgon mot Erdal?  (Arkivfoto: Tore J Langeland)


Lørdag er det superlørdag i Fugledalen. A-laget, som har opna sesongen forrykande, møter Erdal til dyst kl 1500. Få også med dykk den spanande forkampen; Osterøy G13 møter Smørås til sin første 11’ar kamp kl 1300. Dagen vert toppa og runda av med oppgjeret mellom Osterøy-Fyllingsdalen i 4. divisjon for kvinner kl 1800. Med andre ord; Ikkje lag store middagsplanar!
 

Berre tre dagar etter storsigeren mot Skansens BK er det på’an igjen for a-laget. Erdal, som står på motsatt banehalvleik, er eit lag Osterøy møtte i fjor òg. Det endte med 3-2 siger på bortebane og 3-2 tap på heimebane. I sin første kamp denne sesongen spelte dei 2-2 mot Harding. Eit Osterøy-lag i medgang bør absolutt ta tre nye poeng på lørdag.

 

Etter seks poeng og 13-0 i målskilnad er det no knytt store forventningar til fortsetjinga. Redaksjonen kan melde om særs god stemning på treningsfeltet på torsdag kveld. Me satsar på at alle har landa igjen til laurdag.


Mannskapsmessig ser det i alle fall veldig bra ut. Thomas Strøm Langeland er klar etter overgangen frå Fotlandsvåg. I tillegg er både Michael Vikne og Frode Stokke klar til kamp igjen. Det er berre langtidsskadde Anders Hatland og Martin Dyvik er ute i denne kampen.

 

Dette betyr at den dynamiske trenarduoen Vevle/Hatland har eit luksusproblem når dei skal velja ut elleve startamde frå denne kampptroppen: Mathias Riple, Morten Vevle, Frode Stokke, Michael Vikne, Aleksander Solberg, Glenn Torgersen, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Jørgen Vevle, Kim Solberg, Bjarte Vik Larsen, Sander Midtun Solberg, Richard Mjøs, Ørjan Bysheim, Stian Svaasand, Øyvind Øvsthus, Thomas Strøm Langeland og Stian Aasheim.

Kampen har avspark kl 1500, og også denne dagen vil ein kompetent jury plukka ut Dagens Ostring.

 

G13: Osterøy – Smørås

Ein spanande kamp blir det for òg for Osterøy G13. Dette er eit ungt lag som i hovudsak består av G12, men som i år vert kasta til ulvane i G13 serien og dermed får spele 11’ar fotball. I debuten sin på dette nivået får dei besøk av Smørås. Dette er ein klubb som i følgje eit BT-oppslag i vinter no satsar hardt på talentutvikling. Det blir spanade å sjå kva mannskap dei stiller, og korleis det unge Osterøy-mannskapet taklar utfordringa. Kampen har avspark kl 13.00

 

Damene òg i gang

Festdagen i Fugledalen vert avrunda av vårt nyetablerte damelag. Me er stolte over at klubben endeleg har eit flaggskip også på kvinnesida, og vonar me klarar å halde på dette tilbodet framover.

 

I deira debut i 4. divisjon får dei Fyllingsdalen 2 på vitjing. Det blir spanande å sjå korleis damelaget sine sesongførebuingar slår ut i kamp, og korleis dei ligg an i forhold til konkurrentane. Etter det me har høyrt er nivået i 4. divisjon no høgare enn på lenge!

 

Me gleder oss!

 

Møt opp i Fugledalen på SUPERLØRDAG og sørg for å støtte opp om klubben. Kiosken er sjølvsagt open – heile dagen.