Dei gode hjelparane

Held styr på medlemsregisteret

Randi Kleppe på kontoret til Osterøy IL. Her kjem ho med jamne mellomrom for å hjelpe dagleg leiar Tore Langeland med å halde styr på medlemsregisteret til OIL. Medlemspengane er gode inntekter, så dette er ein viktig jobb for laget. Randi har vore god hjelpar med dette i fleire år no. "Dette er ein grei jobb å hjelpa til med, eg kan styre det litt sjølv, og kan komme når det passar (for Tore) og treng ikkje møte til faste tider."
Bak kulissane er det mange jobbar som må gjerast i eit idrettslag, godt at Randi likar seg der!

Tekst og foto: Ragnhild Balsvik