Jevn naboduell

Joachim Borge Solberg var endeleg tilbake i gult og grønt mot Fotlandsvåg i Vestlandshallen laurdag, og vart kåra til Osterøy sin beste spelar. Her er han i aksjon i treningskamp mot Fjell-Kam for fire år sidan. Velkommen heim att, Joachim

Laurdagens treningskamp mot naboane frå Fotland endte 3-3, noko som var eit greitt resultat for begge lag. Osterøy, som  hadde ballen mykje, sleit med å komma til dei heilt store målsjansane, medan Fotlandsvåg hadde fleire store moglegheitar til å scora.

 

Osterøy tok tak i kampen og styrte spelet første halvdel av omgangen. Det var gode tendensar i angrepsspelet, men dei sleit med å komma til mange store sjansar. Dei tok likevel leiinga 1-0 etter ein dødball. Joachim slo frisparket rett mot mål, og ein liten stuss frå Øyvind var nok til å setja Fotland sin keeper ut av spel.

Utover i omgangen tok Fotland meir over, og dei kom til to, tre store målsjansar og til slutt kom utlikninga. På eit langt framspel vart det ei lita misforståing i Osterøy sitt midtforsvar.  Åleine med keeper kunne Thomas Strøm Langeland enkelt setja ballen i mål.


Osterøy slo fort tilbake. Berre minuttar etter utlikninga rulla dei opp eit fint angrep.
Ballen havna hos etterkvart hos ungguten Sander Midtun Solberg som sette ballen sikkert i mål. Stillinga etter halvspelt vart dermed 2-1 til Osterøy. I pausepraten fokuserte Frode Vevle på at presisjonen måtte opp, slik at ein ikkje fekk så mykje brudd imot.

 

2. omgang starta som den første med eit lite spelemessig overtak til Osterøy, sjølv om Fotlandsvåg hadde ein kjempesjanse til å utlikna tidleg i omgangen. I staden gjekk Osterøy opp til 3-1. Stian Svaasand kom seg gjennom på kanten, og frå spiss vinkel sette han ballen mellom beina på keeper. Like etter var Stian Aasheim åleine med keeper, men han sette ballen utafor.

 

Fotlandsvåg kjempa seg no inn att i kampen. Med 20 minutt igjen reduserte Ruben Kleppe til 3-2 etter eit flott raid på høgresida av Øyvind Tysse. Fotlandsåg kom til fleire sjansar etter dette, og litt før full tid kom utlikninga. Eit langt framspel gjekk forbi heile forsvaret til Osterøy og Thomas kunne nok ein gong setja ballen i mål åleine med keeper. Fleire mål vart det ikkje, og kampen enda 3-3.

På Osterøy gjorde Michael Vikne ein god figur som midtstoppar og Stian Svaasand skapte mykje på venstrekanten. Bestemannsprisen gjer me likevel til Joachim Borge Solberg. Han styrte midtbana gjennom  heile kampen, og viste at han vert ein solid forsterkning til laget.

I denne kampen mangla me Anders Hatland, Bjarte Vik Larsen, Jørgen Vevle, Andreas Kollvangsnes, Eirik Øvsthus og Aleksander Solberg. Me håpar nokre av desse er klar igjen til neste kamp, som er søndag 12. februar mot Kvernbit. Også denne kampen går i Vestlandshallen. Me kjem tilbake med førehandsstoff om den kampen seinare i veka.