Samarbeidslag fann vinnarsporet på Nestun

Osterøy IL og Fotlandsvåg IL har i haust inngått eit samarbeid for G98. Laget, som til neste år spelar sin første sesong med 11’ar fotball, tel 10 frå OIL og 7 frå FIL og vert leia av Jon Steinar Hatland.Laget har framskunda 11’ar debuten ved å stille "til start" i årets Bjarg-Cup.

Fredag 29. oktober spelte laget mot Lyngbø i første innleiande kamp i turneringa. Kampen enda med 2-1 siger til stormande jubel. Skåringar vart signert Jonas Lillejord og ein uheldig Lyngbø-spelar.

Lørdags morgon venta Fyllingen sine 97-modellar som inneverande år har spela i 1. divisjon. Osterøy/Fotlandsvåg fekk to straffar innleiingsvis for å kompensere for alders- og divisjonsforskjell . Ein av dei vart ekspedert i nota av Johannes Hatland, og kampen starta dermed med 1-0 leiing. Fyllingen viste etter dette at dei har spelt på eit høgare nivå denne sesongen og vann til slutt komfortabelt 5-1. Eit fortent tap, trass heroisk innsats av våre gutar.


Nøgde målskårarar mot Gneist; Adrian Vevletveit (2), Fredrik Evensen (1+1str) og Jonas Lillejord.

Etter å ha trøstespist litt på McDonalds sto Gneist sine 97-modellar for tur. Her fekk OIL/FIL eit straffespark for aldersforskjell. Fredrik Evensen feila ikkje frå kritmerke, og igjen starta kampen med 1-0 leiing. Gneist kom seg fort opp att på. Utlikna først og gjekk sidan opp i 2-1 leiing. Då vakna ostringane. Adrian Vevletveit (2), Jonas Lillejord og Fredrik Evensen teikna seg på skåringslista og sikra til slutt 5-3 siger. Med 6 poeng av 9 moglege vert det sluttspel på gutane.

1/16-finar vert det mot Lyngbø 1 lørdag 6. november kl. 10.05 på Liland. Dette er, som Fyllingen, eit lag som har spela 1. divisjon for 97 denne sesongen. Osterøy/Fotland har dermed ei stri tørn å sjå fram til.

Lukke til karar!