Gøy i Eidfjord

Eidfjordcup var vellykka både sportsleg og sosialt for jenter 97 og 98

Jentene hadde nok gledd seg lenge til fredag 18.juni. Då starta årets Eidfjord Cup.
Ein del av jentene hadde hatt oppvarming dagen før med seriekamp mot Åsane. Den endte med eit 5-3 tap, etter å ha leda kampen lenge. Tapet vart fort gløymt, og forbredelsane til cupen var i gong.
Dei første kampane gjekk allereie fredag kveld, både for 96-97 laget og 98 laga. Så gjekk det slag i slag med kampar både lørdag og søndag.
Jenter 97 som spelte i 96/97 klassen, endte på ein flott 3.plass. Dei hadde leigd inn nokre jenter frå Fotlandsvåg sine jenter 16.  Dei vil me takka for hjelpen og innsatsen.
For jenter 98 sine to lag vart det blanding av seirar, uavgjort og tap under cupen.Men alle reiste heimatt med gode minner etter ein kjekk tur.
Jenter 97 kunne ikkje kvila lenge på laurbæra, for allereie tirsdag var det nok ein seriekamp.
Då var det Flaktveit  som stod på motsatt banehalvdel. Denne kampen vann våre jenter 2-0 og kunne dermed ta ein velfortjent ferie.