Osterøy Fotlandsvåg sine juniordamer ubeseira i år!

Tysdag 25. mai spelte jentene sin første heimekamp for sesongen mot Flaktveit IL. Kampen starta litt uheldig for vertskapet, med eit frispark for Flaktveit via ein av våre spelarar og i mål. Men jentene hang ikkje med nebbet av den grunn, her var det berre å bretta opp armane og jakta på ei utlikning, og den kom like før pause.

2. omgang starta veldig bra for våre jenter, til stor fortvilelse for Flaktveit sin trenar, starta "målmaskina" vår Stine motoren, og slikt blir det mål av, totalt laga heimelaget 6 mål i andre omgang, 3 mål av Stine Lone Hatland, 2 av Victoria Hanstveit, medan Renate Vevle og Anna Borge Solberg laga kvar sitt mål.

Jentene sitt gode spel varma på ein ellers kald og vindfull kveld og resultatet vart heile 7-4.


Mååååål 1.


Mååååål 2.


Mååååååål 3.


Mååååål 4.


Marielle ryddar opp.


Victoria gjorde som vanlig ein flott kamp.


"Kom mai du skjønne milde"…..som vanlig iiiiskaldt på Hatland.