Nesten full pott for 2001 årgangen i Osterøyserien.

I første runde av Osterøyserien, lørdag 8.mai, tok 2001 årgangen 4 av 5 mogelege sigrar.

Gutane var først ute og vann ein komfortabel 8-2 siger over Valestrand Hjellvik sine gutar.

Deretter var jentene klare til dyst mot Fotlandsvågjentene. Jentene våre var fulle av futt og viste at dei hadde lært mykje pasningsspel på treningane. Dette resulterte i ein flott 9-3 siger.
For jentene vart ikkje pausen lenger enn 5 minutt før neste kamp stod på programmet, Hausvik rekna vel nesten med at det måtte vera mogeleg å vinna mot sletne Osterøy-jenter. Men etter å ha lagt litt bakpå dei første minuttane, vakna våre jenter til liv igjen og vann til slutt 10-3.
Sidan me berre hadde 5 jenter til disposisjon, fekk me låna Jan Morten som superreserve, han gjorde også ein flott jobb. Alle, inkludert Jan Morten, laga mål, til full jubel for foreldra på sidelinja.

Samtidig med siste jentekamp, møtte gutane våre Hausvik. Her låg Osterøy framfor med 1-0 til pause, men pausen varte nok litt uti kampen også, for kampen enda med 1-3 tap.

Men gutane kom tilbake og viste at dei kunne gjera ein lika flott innsats som jentene, så mot Fotlandsvåg var dei overlegne og gjekk av bana med 7-1 siger!

Me gler oss til resten av sesongen, lovar veldig bra til no!