Uavgjort mot Flaktveit

MÅLGJEVANDE: Thomas Langeland (her i aksjon mot VHFK i fjor) spelte berre første omgang mot Flaktveit. Mål vart det ikkje på hurtigtoget, men han noterte seg for ein "assist" etter å ha frispelt Martin Dyvik på utsøkt vis etter drøye 20 minuttar av kampen.
Osterøy spelte laurdag treningskamp mot Flaktveit i Vestlandshallen. Trass ein litt rufsete start på førsteomgang og sterkt varierande spel i andre omgang, måtte det ein gavmild dommar til for å fråta dei gul/grøne siger mot 4. divisjonslaget.
Kampen byrja nemleg ikkje på beste vis for Osterøy. Oppkava, nervøst spel resulterte i mykje unøyaktighet dei første 15 minuttane. Etterkvart roa laget seg og spelet vart merkbart betre den neste halvtimen. Dette resultert i to skåringar av høvesvis Martin Dyvik (26. min) og Eirik Øvsthus (27. min). Osterøy gjekk dermed til pause med 0-2 leiing.
Etter to minuttar i 2. omgang vart det dømd ein straffe som få i Osterøy-leiren skjøna noko av. Flaktveit reduserte til 1-2 og var dermed inne i kampen att. Flaktveit styrte resten av omgangen, men sleit med å konvertere sjangsar i teljande resultat. Utlikning vart det likevel – på ei perle – etter vel 65. minuttar.
Flaktveit – Osterøy 2-2 (0-2)
0-1 – 26. min: Martin Dyvik
0-2 – 27. min: Eirik Øvsthus
1-2 – 47. min: –
2-2 – 65. min: –
| Nr | Spelar | Mål (min) | Gult | Rødt | Bytte |
| 1 | Matias Riple | ||||
| 2 | Roger Husebø | ||||
| 3 | Ole Andre Reigstad | ||||
| 4 | Kenneth S. Grimstad | ||||
| 5 | Ole Morten Tysse | ||||
| 6 | Eirik Øvsthus | 27" | |||
| 7 | Kristian Daltveit | ||||
| 8 | Espen Mjøs | ||||
| 9 | Martin Dyvik | 26" | |||
| 10 | Thomas S. Langeland | ||||
| 11 | Bjarte Vik Larsen | ||||
| Innbyttarar | |||||
| 12 | Frode Stokke | Inn for E Mjøs | |||
| 13 | Steffen Gjøstein | Inn for R. Husebø | |||
| 14 | Frode Evensen | Inn for K. Daltveit | |||
| 15 | Trygve Bru Reigstad | Inn for T. Langeland | |||
| 16 | Anders Hatland | Inn for O.A Reigstad | |||
| 17 | |||||
| 18 | |||||
