Flott sesongavslutning for jenter 11

Jenter 11 avslutta sesongen med stil. Begge laga vann sine kampar i den siste serierunden .Mot Eidsvåg Gaselle vart det seier 9-2, og mot Eidsvåg tiger vart det seier 6-5 etter scoring i siste sekund.
Tirsdag var det Eidsvåg Gaselle som var gjestar på Hatland. Her vart det seier 9-2 til våre jenter. Dei gjekk fort opp i ein 4 måls ledelse og viste til tider ein del bra sampel. Alle på laget har denne sesongen vorte flinkare til å sjå etter medspelarar og spele i lag.
Lørdag gjekk turen til Eidsvåg der Eidsvåg Tiger var motstandarar. I eit ufyseleg ver klarte jentene å dra i land seieren etter scoring i siste sekund.

Jentene jublar etter at seieren vart sikra i siste sekund.

Ida har fult fokus.

Ingenting å sei på innsatsen.


Her blir det mål etter corner.
Kristin og Ida hjelper kvarandre.
Full konsentrasjon.
"Eg er med."

Emma i fint driv.

Julie og Elida er klar til å takle.

Vilde gjer seg ikkje.
Sara feirer 11 års dagen med å scora mål.

Sofia kan det med å slå innsidepassningar.
3 glade målscorarar.
