2001-årgangen; Osterøyserien i Haus i ekstremver!

Tirsdag 8. september var det klart for andre runde i Osterøyserien denne hausten. Hausingane bydde på opna slukar frå oven samt kuling, så det vart ei tøff oppgåve for våre håpefulle.

Capsar og popcornposar flaug over bana og det var kun skikkelige regnklede som dugde.

Men ungane er tøffe og gjekk til oppgåva med stor vilje. Gutane starta mot Haus sine gutar, det vart, til liks med veret, ei tøff oppgåve. Hausingane starta med vinden i ryggen og denne kvelden var dette ein stor fordel. Osterøy kom litt meir med i spelet etter sidebyte, men gutane frå Haus var nok nokre nummer for store for oss, så det enda med eit 11-4 tap.


Jonatan gjorde som vanlig ein flott kamp.


Gutane "til tørk" i garderoben.


Ein del "tøffe" foreldre.

Etter gutane sitt tap, var jentene klare til å ta revansje over Hausjentene, her var iveren stor og no var det me som hadde fordel av vinden.

Første omgong vart rein overkjøring og leiinga vart på 0-5 til oss! Jentene fortsette presset, men no vakna Hausjentene og trua sigeren vår, men heldigvis heldt Osterøy hovudet kaldt og kunne gå av bana med 4-7 siger!!

Det varma skikkelig i det sure veret!


Jentene får dei siste instruksjonane hjå trenar Lillian.


Jaaa! Mål!


Martine K, Margarita og Julie, alle like ivrige etter å ta ballen.

i tredje kampen denne kvelden vart det på nytt tap, denne gongen 7-4, Osterøy blanda no både jenter og gutar og etterkvart som spelarane hadde fått spelt "si tid" var det berre å senda dei heim i dusjen.

Me satsar på sol og varme når me skal møta Valestrand Hjellvik på mandag!