Tapte for eit betre lag

TAPTE FORTENT: Frode Evensen og dei andre Osterøy-spelarane kom til kort mot Trott laurdag. Stord-laget vann fortent 3-0.

Osterøy vitja laurdag opprykkskandidat Trott på bortebane. Etter ein brukbar første omgang av dei gul/grøne tok Trott over kampen fullstendig i 2. omgang og vann fullt fortent 3-0. Dermed står Osterøy utan poeng etter tre kampar

-Me startar treigt og verkar uinteresserte dei første 15 minuttane av kampen, seier trenar Vidar Rosnes etter kampen. -Det tek seg heldigvis opp, og me leverer brukbart spel siste halvdel av første omgang. Til pause hadde eg god tru på at me skulle klara å

få med oss poeng. Dessverre klarar me ikkje å henga med i 2. omgang og taper fortent 3-0.

 

Trott opnar i eit forrykande tempo heime på Prestegardskogen. Lettbeinte spissar skapar tidvis hovudbry for osterøyforsvaret. Osterøy virkar litt tunge og uinterresserte, men klarar likevel å demme opp for heimelaget sine framstøt, mykje grunna ein opplagt Jens Lillefosse.

 

Etter 10 minuttar får heimelaget corner frå venstre. Ein corner dei skrur rett i mål! Ballen går via stolpen og inn, heilt oppe i krysset. Ein noko heldig skåring, men likevel teljande.

 

Osterøy skjønar etter kvart alvoret og hevar seg betrakteleg. Det vil seg likevel ikkje heilt. Upresise pasningar og ein einsam Thomas Langeland på topp gjer at det ikkje vert produsert ein einaste målsjanse.

 

Osterøy går på bana etter kvilda fast bestemt på å snu resultatet, men klarar ikkje feste noko grep om kampen. I staden er det heimelaget som tek meir og meir over. Etter 25 minuttar bles dommaren korrekt for straffespark i Trott sin favør. Einar Gjerstad i Osterøy-målet er sjangselaus på det følgande straffesparket. Dermed står det 2-0 i målprotokollen.

 

Berre fem minuttar seinare pungterer Trott kampen. Eit langt oppspel vert ikkje klarert og heimelaget sin høgre kant krigar ballen forbi ein utrusande Gjerstad. 3-0 til dei blåkledde er dermed faktum, eit resultat som òg skulle verta sluttresultatet.

 

Trenar Vidar Rosnes meiner trass den magre poengfangsten at det ikkje er grunn til panikk. –Dette er første kampen me ikkje er i nærleiken av poeng. Dei to føregåande kunne me kjapt ha fått noko ut av om marginane hadde vore på vår side, seier han. –Me er ikkje skremd av nivået, og eg er viss på at me innkasserer vår første trepoengar snart. Neste kamp er heime mot Bremnes. Vonleg vil me opnar me poengkontoen allereie då, sluttar Rosnes

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Øyvind Tønjum, Jens Lillefosse, Ronny Hansen, Thomas Hole, Torbjørn Hovden, Kim Solberg, Kristian Daltveit (Heine Solberg), Martin Dyvik (Åge Bruvik), Frode Evensen og Thomas Langeland.