Ida senka Flaktveit

Onsdag spelte Osterøy sine juniordamer sin første heimekamp for året. Osterøy viste at ein no har lagt tapet i serieopninga bak seg. Heimedebuten på det nye kunstgrasdekket enda med ein komfortabel 4-1 siger over tilreisande Flaktveit.

STORSKÅRAR: Ida Margrethe Lampe (i keeperdrakt) skåra 3 mot Flaktveit. Her omkransa av (f.v) Stine Hatland (1), Karoline Loftås, Dorthe Hatland,  og Veronica Vevle

Grunnlaget for sigeren vart lagt allereie i første omgang. – Då var me gode, seier trenar Jane Tønjum til osteroyil.no. Ida Margrethe Lampe var i fyr og flamme og putta heile tre gonger for dei gul/grøne. Det første kom allereie etter eitt minutt. -Ida var god i dag, men eg vil først og fremst heidra Helene Knapskog, seier Tønjum. -Då keeperen vår, Dorthe Hatland, ikkje kunne spela grunna skade steppa Helene inn. Ho ville nok helst ha spelt ute og skåra mål, men gjorde ein kjempekamp i mål.

 

I tillegg til Ida Margrethe sitt hattrick, skreiv Stine Hatland seg inn i målprotokollen med si 4-0 skåring, som òg var resultatet når laga gjekk til pause.


NETT SO I ENGLAND: Nina Beate Karlsen får ein kopp te etter å ha forlatt bana med skade.
 

I andre omgang kom Flaktveit meir med i kampen. -Eg trur ikkje me vart dårlegare i andre omgang, men snarare at Flaktveit heva seg betrakteleg, seier Tønjum. -Me spelte nemleg ein god omgang og fekk mange målsjansar, men klarte ikkje å omsetje desse i teljande resultat. I staden får me ein ”i trynet”. Uansett; me er godt nøgd med kampen.

 

Etter kampen vart sigeren feira med bollar og sjokoladekake. –Nokon av foreldra ville markera at kunstgrasbana endeleg var klar, og hadde med seg bakst – både med og utan gluten, smiler trenaren. – Det passa då ekstra bra at me vann kampen. Då vart det på ein måte både feiring av bana og sigeren.

 

-Du må få med at det er ein fantastisk giv i spelargruppa no, fortset Tønjum. – Etter at kunstgraset endeleg vart ferdig har humøret og spelegleda blomstra opp. Me er utruleg godt fornøgde med vår nye heimearena! No er det verkeleg gøy å vera juniordame!

FEIRING:Etter kampen vart nye bana og sigeren feira med bollar, sjokoladekake og ein god kopp te