Siger mot Hausvik i BB-Cup

Osterøy vann, ikkje uventa, sin første kamp i Bergan Bygg Cup mot Hausvik i går kveld. Resultatet vart til slutt 5-2 til dei gul/grøne. Hausvik starta kampen med 0-2 leiing.

Sjølv om sigeren til slutt vart av det komfortable slaget var det ein mellomnøgd osterøytrenar som snakke med osteroyil.no etter kampen. 
– Kampen var prega av lavt tempo og dårleg pasningskvalitet. Me har mykje å ta tak i framover, seier ein hovudrystande Rosnes.

Rosnes kunne likevel konstatera at hans disiplar styrte kampen i første omgang utan at laget spelte seg til dei heilt store sjangsane. – Me skapar ikkje stort i første omgang, men var farlege på dødballar. Me skårar 3 av måla våre på dødball, seier Rosnes

– Andre omgang er me slappe! Me let Hausvik vinna duellane, det er dårlig rytme og bevegelse framover på bana og me skapar lite.  Det må verkeleg skjerping til viss me skal komma opp på 4. divisjonsnivå. Dette var ikkje i nærleiken ein gong, avsluttar Rosnes

Fotnote: VHFK valsa over Fotlandsvåg og stoppa ikkje før det sto 12-4 i målprotokollen. Fotlandsvåg starta kampen med 0-3 leiing. Osterøy møter Fotlandsvåg i ettermiddag, medan VHFK ventar dei gul/grøne laurdag

KAMPFAKTA:

Mål:
0-1. Jostein Mjelde 0 min
0-2. Jostein Mjelde 0 min
1-2. Stian Myking   10min
2-2. Eirik Øvsthus   22 min
3-2. Eirik Øvsthus   30 min
4-2. Stian Myking   40 min
5-2. Heine Solberg  85min

Laget:
Leif Olav Mjelde, Øystein, Ole Morten Tysse, Åge Bruvik, Thomas Hole (Steffen Gjøstein 15 min), Øyvind Tønjum (Martin Byshei, 45 min), Eirik Øvsthus, Torbjørn Hovden, Martin Dyvik, Ørjan Bysheim (Thomas Langeland 45 min), Stian Myking (Heine Solberg 30 min)