Opna med siger

Osterøy sitt a-lag vitja i går Kvernbit på Fossemyra. I ein kamp som bar preg av at det er enno er tidleg i sesongen, høvla spelesugne osterøyspelarar over vertane sine. Kampen enda med 8-1 siger til dei gul/grøne.

-Eg har ikkje mykje å utsetja på innsats og engasjement, smiler osterøytrenaren etter kampen. Rosnes såg disiplane sine festa grep om kampen på eit tidleg stadium. Før dei ti første minuttane var unnagjort leia gjestane allereie 3-0 etter mål av superspissane Thomas Langeland (2) og Ørjan Bysheim . -Kampen var i realiteten punktert på dette stadiet, seier Rosnes. –Ballen går hurtig i laget og me spelar dei rett og slett ut i periodar. Ein skåring etter 40 min av Kristian Daltveit fastset pauseresultatet til 4-0 i Osterøy-favør.

 

Samme Daltveit legg på til 5-0 fem minuttar etter sidebytte. – Etter dette slit me litt bakover. Forsvarsfiraren har stort sett kontroll gjennom heile kampen, men i perioden etter skåringa til Kristian er Kvernbit frampå ved eit par høve, seier Rosnes. –Presisjonen er for dårleg og me heng ikkje saman som lag. Vertane får etterkvart betalt for presset og reduserer til 5-1 etter 65 min.

 

Osterøy kjem inn at på sporet og legg på til 6-1 ved Jens Lillefosse berre fem minuttar etter reduseringa. Martin Bysheim og spelande assistenttrenar, Heine Solberg, får æra av å fastsetja resultatet til 8-1. –Det synes godt at me er i januar, men me viser tendensar til svært godt angrepsspel, kommenterer Rosnes etter kampen. – Det er òg kjekt å sjå at nye fjes grip sjangsen når dei får han, fortset han. Osterøy stilte nemleg til dyst med Frode Evensen, Åge Bruvik og Øystein Didriksen i rekkene, og etter rapportane kom alle i frå det med gode skussmål. -Frode, Åge og Øystein har trent me oss den siste tida for å sjå på nivået. I dag klarar dei seg godt. Det er mykje opp til dei sjølv om dei vil vera med vidare, seier Rosnes. -Det var òg kjekt å sjå Thomas Hole tilbake i den gul/grøne drakta, smiler Rosnes. – Han vil verta eit viktig tilskot i laget denne sesongen, sluttar Rosnes.

 

Spelarar som av ymse årsaker ikkje var med til Kvernbit i går var Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen, Øyvind Øvsthus, Kim Solberg, Martin Dyvik, Torbjørn Hovden og Glenn Olsnes. Fem av desse spelte meir eller mindre fast forrige sesong. Kampen mot Kvernbit må i lys av dette seiast å vera eit godt resultat for Osterøy sine håpefulle.

 

Neste treningskamp er borte mot Eikanger laurdag 7. februar.

 

Laget mot Kvernbit: Einar Gjerstad, Jens Lillefosse, Ole Morten Tysse (Øyvind Tønjum i 15 min), Åge Bruvik, Thomas Hole (Steffen Gjøstein i 45 min), Øyvind Tønjum (Martin Bysheim i 45 min), Kristian Daltveit (Heine Solberg i 25 min), Eirik Øvsthus, Frode Evensen, Ørjan Bysheim (Øystein Didriksen i 45 min) og Thomas Langeland.