Treningshelg for gymhjul 2008
I Bergensområde er det pr idag berre to klubber som driv med gymhjul. Det er Norrøna IL og Turngruppa OIL. Det er difor viktig at me samarbeider godt ilag, for felles glede og utbytte.
På laurdag 1 november arrangerte Norrøna fellestrening for dei to klubbane i Norrønahallen. Det vart ein superkjekk dag der gymnastane fekk læra mange nye moment. Det vart øvd i dei tre greinene:
Linje
Spiral
Hopp
Her fekk verkeleg gymnastane tøyd grensene sine. Men det er utruleg kva dei klarte med litt kyndig instruksjon.