Fotballgruppa vel nytt. «grønt » kunstgras i Fugledalen

– Det har dei seinaste åra vore fleire medieoppslag omkring problema kunstgrasbaner med gummigranulat påfører miljøet. fortel formann i fotballgruppa Herman Beckstrøm. – Med bakgrunn i dette har me difor landa på ei anna løysing når me no skifter dekke.

Utskifting av dekket i Fugledalen har lege i korta over tid og anleggsnemnda i fotballgruppa har jobba med målretta prosjektet sidan i fjor.

– Fleire potensielle løysingar har vore vurdert. og me landa til slutt på Heroshape gras med GeoPlus innfyll. fortel Beckstrøm. – Heroshape er eit slitesterkt høgkvalitetsdekke. GeoPlus eit resirkulerbart. karbonnøytralt innfyll som består av kork og kokosnøttfiber. Det er 100% naturlig og biologisk nedrbytbart. Det blir med andre ord friskt. «grønt » kunstgras i Fugledalen – i dobbel forstand.

Biletet: Innfyllet er 100% naturleg og biologisk nedbrytbart. Det er brukt på over 400 baner. og av store sportsklubbar som Spartak Moskva. Ajax og Cesena. skriv Sport Surface. 

–  Men det stoppar ikkje der. smiler styreleiaren. – Me kjem til å skifte ut dagens flomlyskjelder med meir energieffektive LED-lys. Eit miljøtiltak som òg vil gi mykje betre lys både til trening og kamp på mørke kveldar. Me prøver òg å få installert eit vatningsanlegg som vil betra speletilhøva i tørre periodar.

Fotballgruppa har fått fullmakt frå hovudstyret i idrettslaget til å ta opp eit lån på 6 millionar for å få realisert prosjektet.

–  Vonleg vil me ikkje ha bruk for heile beløpet. Me har tru om få tildelt spelemidlar. me skal gjennomføre salsdugnadar i FibGreen-regi og kan henda er det ei og anna verksemd som vil vera med å støtta eit miljøtiltak som dette. seier Beckstrøm.  – Så må medlemmene våre vera budd på litt dugnadsarbeid i samband med fjerning av det gamle og montering av det nye dekket.

At eit nytt dekke vil vera positivt for klubben er ikkje styreleiaren i tvil om.

– Det er kjempeviktig  både for rekruttering av nye spelarar og for å behalde dei me allereie har at banefasilitetane er gode. Me har eit suverent anlegg her allereie. Tribunar med takoverbygg og open kiosk alle kampdagar gjer at me har like mange tilskodarar på mange aldersfastsette kampar som på a-lagskampar. Eit nytt dekke vil heve opplevinga for utøvarane våre og gi samlingspunktet i Fugledalen eit kjempeløft. Me gleder oss veldig til å koma i mål med dette.