Siger i Hardanger – ein fot i 4. divisjon

Osterøy vann søndag ettermiddag 3-1 mot Nordheimsund 2, etter ein "slitekamp" i Hardanger. Opprykksrival Solid snubla mot Nordnes laurdag noko som gjer at Osterøy no står med ein fot i 4. divisjon.

– F***, dette var deilig, er Osterøy-trenar Vidar Rosnes sin spontane reaksjon etter kampen. -No kan me avgjere det heile på heimebane neste laurdag. Det ligg an til ein draumeavslutning av sesongen. Eg gledar meg!

Osterøy tok leiinga i første omgang etter ei skåring av Ørjan Bysheim. -Me kontrollerte omgangen bra og pauseresultatet var fortent, kommenterer Rosnes. -Ørjan var forresten vår beste spelar i kveld. Alt han gjorde resulterte i farlegheitar for motstandaren, skryt trenaren.

I andre omgang doblar Thomas Langeland leiinga etter forarbeid av nevnte Bysheim, før Nordheimsund får inn ei redusering. -I ti minuttar etter reduseringa var me hjelpelause. Då slepp me Nordheimsund til, og eg vart nervøs for korleis dette skulle ende. Heldigvis kjempar me oss gjennom den tunge perioden og får ei skåring til. Siste skåringa til Ørjan gjer det heile til ein fin kveld, smiler suksesstrenaren Rosnes.

-Me spelar i grunnen ikkje noko god kamp i kveld. Det søkkvåte underlaget spelar oss fleire puss. Mange dårlege pasningar og mottak som følge av dette. Grunnlaget for sigeren vert lagt gjennom bunnsolid forsvarsjobbing og ein lagmoral eg ikkje kan hugse å ha sett andre stader. Gutane kjempa med nebb og klør i dag. Dei visste kva som sto på spel. Sånn sett vinn me svært fortent, fortset han.

Osterøy leiiar no med tre poeng ned til rivalane Solid og Søre Neset etter kampane i helga. Dette medfører at sjampanjekorkane kan sprettast dersom Osterøy vinn mot Strandebarm neste helg. Det held nemleg til opprykk, sjølv om rivalane vinn sine to siste og kjem a poeng. -Vår overlegne målforskjell skal det ikkje vera mogleg for korkje Solid eller Søre Neset å henta inn att over dei to siste kampane, så vinn me på laurdag er det berre til å sleppe jubelen laus, smiler Rosnes.

-No skal riktignok kampen spelast først, så me skal halda bakkekontakten fram til laurdag, men eg vonar det kjem masse folk på Hatland til helga. Hadde vore stas å sikra opprykket framfor eige publikum. SÅ MØT OPP, oppfordrar Rosnes.

Kampen på laurdag har avspark kl. 15.00.