Oppmuntande resultat i opprykkskampen

Den verste skuffelsen frå fredagens heimekamp er ikkje meir enn så vidt fordøyd då denne meldinga kom sundag kveld: Gneist 2 – Øystese  4-3.

-Eit kjemperesultat for oss, utbryt Vidar Rosnes. -No tar me tet med siger mot Fusa på onsdag. Eg var sikker på at dei no skulle få ei luke på eit par poeng ned til oss, så dette var gull. Kampen på onsdag må riktignok spelast først, så me kan ikkje ta noko for gitt. Tabellsituasjonen seier uansett sitt; me bør og skal slå Fusa, avsluttar Osterøy-trenaren