Bif-cup gav 3. og 6.plass

 

Bif-cup 2008 er slutt. Osterøy 1 spelte om 3. – 4. plassen og tok ein solid seier mot norske Risør. Etter ei litt "trå" turnering viste ostringane vinnarvilje heilt frå første spark på ballen i bronsefinalen, og sigeren var aldri truga. Det høyrer også med at Osterøy 1 tapte for same laget i innleiande runde.

Osterøy 2 spelte mot Brande IF 1 i kampen om 5.-6.plassen. Her vart det ein kamp med få sjansar til dei håpefulle frå øynæ. Brandittane drog i land ein fortent siger. Men laget gjorde ein svært solid innsats likevel. I mange kampar var det ein super holdning og vilje i laget.

Sjå elles meir Bif-cupbilete i venstremenyen på fotballsida.


Glenn Torgersen, muskelbunt frå tjukkaste Mjeldalen regjerer midtbana


Roger Husebø gjer alltid gode kampar. Her etter ei scoring som spiss i bronsefinalen


Torbjørn Hovden etter ei lekker scoring i bronsefinalen.


Frå B-finalen til Osterøy 2. Mykje forsvar i denne kampen.


Handduk som premie til taparane i B-finalen.


Trur ostringane lurte litt på kva som var i posane…..


Osterøy 1 på sigerspallen


Med medaljar for 3.plass rundt halsen