Uavgjort i toppoppgjeret

Det vart ei særs jamn forestilling då Osterøy tok turen til Møhlenpris Idrettsplass og Nordnes laurdag. Begge lag sleit med å produsere store målsjangsar og det heile resulterte i ei mållaus poengdeling.

-Eg er ikkje nøgd med alle prestasjonane våre, men reultatet er eg svært nøgd med kamputviklinga tatt i betraktning, seier trenar Vidar Rosnes etter kampen. -Kampen sto og vippa og me kunne vore uheldige å ikkje fått med oss poeng i dag. Det var ikkje mange sjangsar , men Nordnes var nok litt nærmare tre poeng enn det me var. Slik det vart no får me med oss eit poeng, me ligg framleis på andre plass og Nordnes ligg framleis tre poeng bak. Det er eg nøgd med.

Jevnt
Det var lite som skilte dei to laga i "gryta" på Møhlenpris. Nordnes låg lavt når Osterøy hadde ballen, Osterøy låg lavt når Nordnes hadde ballen. Slaget vart soleis utkjempa på midten med mange tette, harde duellar. Ser ein bort i frå eit og anna skot frå distanse produserte Osterøy ikkje ein einaste målsjanse.

Matchvinnar
Nordnes, på si side, klarte heller ikkje å komme til for mange farlegheiter. Midtvegs i andre omgang er dei derimot på farten. Ein corner havnar frå venstre havnar på bakerste stolpe, ein Nordnes spelar vinn duellen med Osterøy-forsvaret på 0,47 meter og skåring ser ut til å vera uunngåeleg. Keeper Einar Gjerstad, som elles leverte ein bortimot perfekt kamp, vil det annleis. Han gjer seg stor og kastar seg inn i situasjonen og reddar meisterleg. Ein ekte "matchvinnar-redning" av den solide sisteskansen. Etter dette ebbar det heile ut med poengdeling.

Viktige heimekampar
-Tabellsituasjonen er uendra. No skal me ha to vanskelege heimekampar på rappet, før me avsluttar vårsesongen borte mot serieleiaren om 14 dagar. Det blir ein spanande innspurt fram mot ferien, smiler Rosnes. Fredag 13. juni kjem Nordheimsund 2 på besøk, medan Minde tek turen til Hatland allereie tysdagen etter. -Me avsluttar vårsesongen med kampar mot tre av våre fremste rivalar. Så tett som det er i vår pulje vert poeng i desse kampane svært viktig. I dag var Ronny Hansen og Stein Erik Kollvangsnes tilbake. No ventar eg berre på at Øyvind Tysse skal verta klar att. Han kan bli ein viktig spelar no fram mot ferien, avsluttar Rosnes.

Osterøy sitt lag: Einar Gjerstad, Stein Erik Kollvangsnes (Andreas Kollvangsnes), Ole Morten Tysse, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Eirik Øvsthus, Kim Solberg, Øyvind Øvsthus, Joachim Borge Solberg, Thomas Langeland (Øyvind Tønjum), Ørjan Bysheim.