Treningssamling på Voss

I ettermiddag set Vidar Rosnes og Osterøy-mannskapet kurs for Voss og ei hektisk treningshelg. Tre treningsøkter og ein treningskamp mot Voss 2 dannar grunnlaget for dei siste førebuingane før sesongstart om 14 dagar. 

– Me reiser opp med tilnærma full tropp, seier Rosnes. – Det lovar godt for det sportslege utbytte av helga. Me har lagt opp til treningsøkter både i dag, laurdag og sundag. I tillegg møter me Voss 2 på Prestegardsmoen kl 17 i morgon, fortset trenaren som lovar at spelarane skal få kjørt seg i løpet av helga.

– Det vert sjølvsagt ikkje berre hardkjør. Me skal ha det litt morosamt òg, forsikrar han.

Eirik Øvsthus, Kenneth Grimstad og Remi Markussen er dei einaste spelarane som ikkje er disponible for Osterøy trenaren som reiser til Voss med følgande tropp: Einar Gjerstad, Eirik B Hella, Ronny Hansen, Jens Lillefosse, Stein Erik Kollvangsnes, Andreas Kollvangsnes, Martin Dyvik, Odd Idar Mjøs, Steffen Gjøstein, Ole Morten Tysse, Kristian Daltveit, Øyvind Øvsthus, Joachim B. Solberg, Kim Solberg, Ørjan Bysheim, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Øyvind Tysse, Thomas Hole, Heine Solberg, Leif Olav Mjelde