Turnering på Valestrand

Kommande helg er det duka for ”utvida Osterøy Cup” på Valestrand. Osterøy stiller på Furubakken med tilnærma full tropp, men må klara seg utan profilane Kim Solberg og Ørjan Bysheim.

 

– Det er klart me kjem til å sakne Kim og Ørjan. Dei er viktige spelarar for oss, seier Osterøy-trenar Vidar Rosnes. – Troppen er likevel såpass stor og god at me skal klara å bita godt i frå oss uansett, seier Rosnes før han legg til at ”come-back-kid”, Stein Erik Kollvangsnes, òg går glipp av turneringa.

 

Slu plan

– Eg mistenkjer Jo Solberg for å ha tenkt ut dette på førehand, seier Rosnes. – Han snakka heile tida om at turneringa skulle vera første helga i februar. Då gav eg dei tre nemde spelarane høve til å legga andre planar no til helga. Når Jo’en då byter ut 2007 kalenderen sin med den for i år, manglar me brått to av våre profilar. Pluss Stein Erik. Ein slu plan, flirer Rosnes.

 

Viktig kamptrening

Som i kampen mot Haus for to veker sidan er ikkje resultatet det viktigaste til helga heller. – Lat det vera klart, seier Rosnes, at me går på bana for å vinna kvar kamp. Fokus no ligg likevel på at heile troppen skal få kamptrening. Mykje kamptrening.

 

Kampane på Furubakken går over 2 x 30 minuttar. – Me får difor ikkje brukt alle spelarane i kvar kamp. Me har, som eit resultat av dette, delt det opp slik at me stiller med forskjellig tropp til kvar kamp. På denne måten me brukt samtlege spelarar, og alle får mykje speletid i dei oppgjera dei er med i.

 

Revansjeoppgjer?

Deltakarane i turneringa er, i tillegg til Osterøy og vertane VHFK, Haus, Dale og Eikanger. Første kamp for Osterøy er fredag kl. 17.00. Då får Haus sjansen til å reise kjerringa etter oppgjeret for halvanna veke sidan.  Klokka 20:45 samme kveld er det 4. divisjonslaget Eikanger som står på motsatt banehalvleik. – Haus har eg god tru på at me skal klara å slå også på fredag, seier Rosnes. – Eikanger derimot blir ein test, men me mønstrar ein sterk tropp til kampen og har alle moglegheiter.

 

Clash of the Titans

Oppgjeret med mest nerve i går laurdag kl 12.15. Då er det duka for oppgjer mellom vertane, VHFK, og våre eigne heltar. – Kampane mot VHFK er alltid spesielle, meiner Rosnes. – Då er det æra som står på spel for begge lag. Me gler oss veldig til det oppgjeret og eg har god tru på at me kjem til trekkja det lengste strået, avsluttar han.

 

Avslutningsvis, laurdag, er det Dale ein skal måle krefter mot. Den kampen startar kl. 16.00. Oppmodinga frå Rosnes er at alle som kan må ta turen til Valestrand i helga. – Ta med ungane og lag ein happening ut av det. Me treng støtta.

 

Tropp mot Hausvik fredag kl 17.00.

Einar Gjerstad, Eirik Hella, Ole Morten Tysse, Kenneth Grimstad, Steffen Gjøstein, Martin Dyvik, Joachim Solberg, Øyvind Øvsthus, Jens Lillefosse, Øyvind Tysse, Heine Solberg, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Øyvind Tønjum, Odd Idar Mjøs

 

Tropp mot Eikanger fredag 20.45.

Einar Gjerstad, Ole Morten Tysse, Kenneth Grimstad, Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen, Martin Dyvik, Joachim Solberg, Øyvind Øvsthus, Eirik Øvsthus, Øyvind Tysse, Heine Solberg, Odd Idar Mjøs, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Øyvind Tønjum

 

Tropp mot Valestrand/Hjellvik lørdag 12.15.

Einar Gjerstad, Jens Lillefosse, Andreas Kollvangsnes, Ronny Hansen, Kenneth Grismtad, Martin Dyvik , Joachim Solberg, Øyvind Øvsthus, Ole Morten Tysse, Eirik Øvsthus, Tommy Kårdal, Øyvind Tysse, Thomas Langeland, Heine Solberg, Kristian Daltveit

 

Tropp mot Dale lørdag 16.00.

Einar Gjerstad, Eirik Hella, Steffen Gjøstein, Øyvind Øvsthus, Andreas Kollvangsnes, Jens Lillefosse, Joachim Solberg, Martin Dyvik, Kristian Daltveit, Odd Idar Mjøs, Heine Solberg, Tommy Kårdal, Thomas Langeland, Øyvind Tysse, Eirik Øvsthus