Klar til dyst i HAFO

I helga er det HAFO turnering for unge balltalent i Osterøyhallen. I «opningsshowet» som startar kl. 10.00 skal Osterøy måla krefter med VHFK over to omgangar; ein med handball og ein med fotball. – Enkelt, seier Osterøy trenaren til osteroyil.no

– Og då snakkar eg sjølvsagt om det å ta meg sjølv ut i troppen, smiler Rosnes. – Høyrde Jo’en stiller for VHFK. Eg vart fint nødt.

Brann og Tertnes sitt damelag i handball har vore fast inventar i den årvisse turneringa. I år er Brann på treningsleir på La Manga. – Eg noterer meg prioriteringa, seier Rosnes med eit skuldertrekk. – Eg trur uansett at underhaldningsverdien av eit nabo-oppgjer, som det me får i år, vil vera minst like god som om nevnte lag hadde vore med, fortset han.

– Elles trur eg det vert ei fin oppleving for oss. Me er, ikkje uventa kanskje, litt ustø i den delen av kampen som inneheld mykje «hands», men me skal sparka godt frå oss likevel, sier Osterøy trenaren. – Det er dessutan ikkje kvar dag me speler framfor ei så stor publikumsmengd. Det blir artig. Vonleg får ungane det minst like kjekt som oss i helga, avsluttar Rosnes.

Osterøy mønstrar følgande mannskap: Vidar Rosnes, Stein Erik Kollvangsnes, Ørjan Bysheim, Einar Gjerstad, Joachim Solberg, Steffen Gjøstein, Tommy Kårdal, Thomas Langeland og Martin Dyvik – utan ‘b’.