Solid seier i vennskapeleg lokaloppgjer

 

Keeper Atle N. Teigland hadde mange gode redningar innimellom eit litt enkelt mål som Fotlandsvåg fekk.

Det var eit spennande oppgjer i smågutar 14 klassen mellom Osterøy og Fotlandsvåg tysdag kveld. På ei søkkvåt grusbane i Haus vann Osterøy til slutt 6-3. Kampen stod lenge og vippa i 1.omgong der Fotlandsvåg fleire gongar var frampå.
Utanom dei 4 måla til Asbjørn scora Daniel Hjellvik og Michael Vikne.

No ser det ut for at kampen om seriemeisterskapet står mellom Osterøy og Nordre Holsenøy….Målskilnaden kan avgjera det heile. Sjå tabellen under seongen 2007 på fotballsida.