SMÅJENTENE MED STORSEIER MOT AUSTRHEIM!

 

Målscorarane var Dorthe Neu Hatland, Stine Lone Hatland, Marie Myking & Maria Dyvik. Osterøy overkjørte heimelaget stort sett heile kampen. Første målet kom etter berre 10 sekund. Eit fantastisk skot av Stine rett i krysset. Og etter det vart det berre fleire og fleire.


Det var aldri tvil om kven som skulle vinna. Osterøy var bunn solid frå keeper til spiss. I første omgang stod Solveig Sofie knallbra i mål og i andre omgang fortsette Anna med godt keeperspel. Forsvaret bestod i første omgang av Anna og Sara. På midtbana brilljerte Helen, Camilla og Dorthe. Framme var Stine ein konstant trussel med sin gode teknikk og fart.

Pga at det var stor bane og tungt å spela på graset, var Osterøy heldige som hadde med seg mange gode spelarar som kom inn og gjorde ein kjempegod innsats. Marie og Maria kom begge inn og scora kvart sitt mål. Silje kom inn i forsvar og spelte ein veldig god kamp.

Fortset jentene med denne innsatsen vert det mange poeng framover.