Styret i Fotballgruppa på plass for 2007

 

Trass store utfordringar mellom anna i høve til å få nok tillitsvalde og ny bane har aktiviteten i gruppa vore god. Det har vore gjennomført færre store arrangement, men økonomistyringa har vore god og dei lågare inntektene har også resultert i lågare utgifter. Resultatet vart eit pluss på i underkant av 30000 kr,-.

Styret for 2007 vart slik:

Ivar Solberg -leiar
Christine Hagenes -nestleiar/sekretær
Tore Langeland -kasserar
Svein Lohne -sportsleg leiar
Anne Marit Hartveit -materialforvaltar
I tillegg kjem det ein frå økonemnda når den har konstituert seg.