To sigrar og eit tap i Trondheim
Osterøydamene vann både mot NTNUI og Åsheim, men måtte gi tapt for Stod under 1 divisjonskampane i helga.
Fredag kl. 2000 stod NTNUI på andre sida av nettet i ein kamp som enda med 3-1 siger til Osterøy. Rapportane fortel at dette var ein tøff slitekamp som innehaldt det meste.
Osterøy vann med settsifra 25-22, 25-13, 21-25, 25-23.
Laurdag venta Stod på Osterøydamene, som gjekk på sitt første tap. Stod vann kampen 3-0.
Damene klarte å riste av seg skuffelsen av tapet til søndag og siste kamp på Trondheimsturneen mot Åsheim. Vertane vart i denne kampen sett til veggs med 3-1.
Osterøy har dermed fått ein god sesongstart; tre sigrar og eit tap er fasit etter fire spelte kampar. Laget held med dette førebels skjema med hensyn på sesongmålsetjinga om ei topp tre plassering.