Siger i sesongopninga

Det vart ein overtydande 3-0 siger til Osterøy då BSI 2 vitja Osterøyhallen mandag. Allereie til helga ventar 3 nye kampar i Trondheim for damene.

-Det er godt å få ein god start på sesongen, men det var vel ikkje meir enn me bør foventa om me tar utgangspunkt i ambisjonane våre, seier trenar Therese Waage Bjørkmann etter kampen. – Etter endt sesong skal me ha ei topp tre plassering, og då må me vinna mot lag som BSI 2 fortset ho.

Osterøy vann me solide sett-siffer 25-20, 25-15 og 25-15

Til helga reiser damene til Trondheim og spelar kampar mot NTNUI, Stod og Åsheim høvesvis fredag, laurdag og søndag.