Serieopning laurdag 29. september

Laurdag serieopnar Osterøy sine unge, håpefulle volleyball-damer heime i Osterøyhallen. Kampen vert blåst i gang kl. 14.00.

Etter kanonstart på sesongen med siger i Åpningsturneringa i Haukelandshallen er det dame fulle av sjølvtillit som tek i mot Grim i Osterøyhallen på laurdag.

– Me forventar hardare motstand på laurdag, enn det me fekk forrige helg, seier Ragnhild Eri når me ringer midt i ettermiddagskaffien. – Men me skal då ikkje vera verre på det enn at me sender Grim heim utan poeng, flirer oppkvinna.

– Grim vert eit nytt bekjentskap for oss, og me veit ikkje så mykje om dei. Likevel er eg viss på at det vert siger i serieopninga, slår Eri fast. – Damene er spelesugne og er klar til å moppa parketten med kven det skulle vera.

Oppmodinga frå Eri er derfor klar: – Gjer deg tidleg ferdig med helgeshoppinga og still i hallen laurdag kl 14.00. Det blir verdt å få med seg dette!