Kanonstart på sesongen

Ikkje eitt sett vart tapt då Osterøy-damene krusa inn til siger under ei turnering i Haukelandshallen i helga.

– Sjølv om det berre var 3 lag påmeld, må det seiast at det er sterkt å gå 7 sett utan tap, kommenterer opp- og pressetalskvinne Ragnhild Eri. – Ein betre start på årets sesong kunne me ikkje få.

I tillegg til Osterøy sine damer stilte 2 divisjonslaga Lyderhorn og Førde til dyst i Haukelandshallen.

Etter komfortable 3-0 sigrar både mot Lyderhorn og Førde i innleiande rundar, vart sistnemde lag sett til veggs i finalen òg. Settsifra i denne kampen, som vart spela best av tre sett, vart 2-0 til dei raudkledde frå Osterøy.

– Me satsar på at å følga opp den gode starten mot Grim i serieopninga heime i Osterøyhallen til helga, avsluttar Eri.

Aktivitetar

Hopp utan tilløp
Haus skule onsdag 27.11.2024 kl. 18.30
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Juleløp torsdag 2. juledag 26. desember kl. 12.00.
16 okt
Valestrandsmarka Rundt
Nyttårsløp tysdag 31. desember kl. 14.00.
16 okt