Påske Cup – Palmefredag 30. mars

Den årvisse – og etterkvart så populære – Påske Cupen i Osterøyhallen nærmar seg. Påske Cupen er ei volleyball-turnering for aktive, veteranar og mosjonistar som set det sosial framfor det sportslege.

Turneringa vert klaska i gang – som ein slapp hoppserve – Palmefredag, 30. mars. Ho vert avslutta samme dag etter innleiande rundar med puljespel og "vinn eller forsvinn" sluttspel. Arrangørar er som vanleg Fotlandsvåg IL og Osterøy IL, volleyball.

Påmelding til turneringa vil skje etter "først til mølla" prinsippet. Arrangørane har sett eit tak på 20 påmeldte lag, så det er om å gjere å vera tidleg ute. Kvart lag må leggja 500 kroner på bordet ved frammøte for å kunne delta.

Skriftleg påmelding må vera oss i hende innan tirsdag 13. mars.

Om det vert påmeld færre enn 10 lag vert turneringa avlyst.

Ein trivelegare måte å dra i gang påskefeiringa på skal du leita lenge etter. Finn fram telefonen, ring dine "sofa-pote-venner" og få eit lag på beina. Det vert ikkje påske i år utan deltaking på denne "sportshendinga".

Påmelding til:
Mette Hannisdal,
Adresse: 5281 Valestrandsfossen
Telefon: 957 21 124
Telefaks: 56 19 32 01
E-post: mette@tysse.no