Avlyst heimekamp

Er du ein av dei som hadde tenkt deg ein tur i Osterøyhallen for å sjå volleyball i ettermiddag? Då kan du spara deg turen.

Kampen mot Sogndal i kveld, fredag 26. januar, er nemleg avlyst. Dette fordi laget frå saftbygda ikkje kunne stabla eit lag på beina. Dette er sjølvsagt trist i og med at me hadde sett fram til å nedsable våre naboar i nord i samtlege 3 sett.

Det er likevel ikkje grunn til fortviling. Om fjorten dagar er det nemleg duka for nye tak i hallen. Ålesund kjem på besøk søndag 11. febuar. Kampen begynnar  kl 14.00.

Lørdag 3. mars er det Dragvoll sin tur til å få passet påskrive. Også den kampen startar 14.00. Møt opp i Osterøyhallen og driv oss fram til nye sigrar.